“(…)

Slik eg ser det, har deler av litteraturen i dag akseptert mye av den same posisjonen til litteraturvitskapen som den blei forsøkt pådytta av psykologien under første halvdel av 1900-talet. Det kan av og til verke som om litteraturen, utan å stille spørsmål, har gått inn i rollen som leverandør av forskningsmaterial. Og eg er lite i tvil om at situasjonen vi har i dag har samanheng med at det å skrive skjønnlitteratur (nesten utan at det er blitt problematisert av noen) i etterkrigstida har gått over frå å vere “utforsking” på forfattarens premissar, til å bli ein profesjon i tydinga “tekstproduksjon” og “bokskriving”. Nå er “bokskriving” sjølvsagt verken godt eller gale i seg sjølv. Men det er også slik at skriv du for å bli ein yrkesaktør, og ikkje for å finne ut noe, eller legge premissane for ein dialog, er vegen kort til det å akseptere forskningsmetodar som interesserer seg mindre enn katten for forfattarens evne til sjølvsyn og dialog.

(…)”